Høgskulen på Vestlandet

Nyhende — 16 februar 2017

Stordabuen er engasjerte i «plastproblematikken» og helsar ei henteordning for plast velkommen. Kanskje resulterer det i at mindre plast ender opp langs strendene våre? (Arkivfoto)

Fredag 10. februar melde stordnytt.no at SIM innfører henteordning for plast neste år. At plastproblemet me står ovanfor engasjerer stordabuen vart tydeleg i kommentarfeltet på nettavisa sin facebook-profil.

– Kvifor venta til neste år, spør ein lesar. – De køyrer jo kva veke.
– Kvifor ikkje byrje i år, spør ein annan.

Stordnytt.no rettar desse spørsmåla vidare til Janne Hillersøy, plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM som svarar slik;

– SIM synes det er flott at innbyggjarane engasjerer seg for betre miljøtiltak. Når me skal setje i gong ei ny ordning for om lag 26 000 abonnentar i sju kommunar, så er det ikkje berre og setje i gong. Det krev organisering og logistikk både for oss og for transportøren. Det er difor mest hensiktsmessig for alle partar å innføre ny ordning når me no skal ut på nytt anbod, som skal gjelde frå april 2018. Dersom me hadde hatt lengre tid igjen av kontrakten me no er inne i ville me truleg vurdert det annleis.

Elles påpeiker fleire lesarar at dei helsar ei slik henteordning velkommen, medan andre fortel at dei allereie sorterer plasten ut og leverer den i sekker ved SIM sitt miljøanlegg på Heiane.

– Det funkar fint òg, skriv nøgde miljøstasjonbrukarar.

Share

About Author

John Erik Jørgensen

(0) Readers Comments

Comments are closed.