Høgskulen på Vestlandet

Nyhende — 16 februar 2017

Prosjektdirektør i Statoil, Leif Delp, illustrerer dimensjonane dei flytande vindturbinane har.

Torsdag inviterte Stordbase, som er ein del av NorSea Group, til ein pressepresentasjon av Hywind Pilotpark prosjektet – verdas største flytande vindmøllepark – som skal leggast utanfor kysten av Skottland.

Delene til vindmøllene vert produsert kringom i Europa, og er no på veg til Stordbase sitt anlegg på Eldøyane for montering. Og det er ikkje småtteri det er snakk om. Turbinblada er på heile 75 meter og turbinane/møllene vil ha ei total høgd på 253 meter (78 meter vert under, medan 175 meter vert over havoverflata) og ei vekt på 2000 tonn.

Fem slike turbinfundament er laga klare.

Turbintårna kjem til Stord i løpet av mars månad, og etter at turbinane er montert skal dei løftast på plass på flytepontongar som skal liggja på rekke å rad utanfor Kjøtteinståa. Sommaren skal takast i bruk for å få slept turbinane til Skottland, og ein reknar med at produksjon vert sett i gong i 4. kvartal.

Vindparken, som har ei forventa levetid på 20 år, er eit pilotprosjekt med ei investeringsramme på vel 2 mrd. kroner. Prosjektdirektør i Statoil, Leif Delp, understreka at det trass investeringskostaden er økonomi i prosjektet, som òg er eit prestisje prosjekt for NorSea Group og Stordbase.

Dagleg leiar i Stordbase, Rune Almås (oransj jakke) og resten av verksemda går mot spanande tider. I bakgrunnen ligg turbinblada på rekkje.

 

Toralf Ekrem, prosjektleiar i NorSea Group, informerte om arbeidet som skal gjennomførast på Eldøyane denne våren.

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.