Nyhende — 17 februar 2017

Ønskjeleg med fleire  rotasjonar for  ruta   Stord – Oslo.

Kan  Sunnhordland Lufthavn AS og eigarane, Stord kommune (79%) og Hordaland Fylkeskommune (21%)  leggja  3 til 5 millionar på bordet til kjøpt av flytenester,  kan  det igjen  bli  15  rotasjonar  Sørstokken-Oslo i veka. For tida er det 11 rotasjonar   med Stordflyet, og  starten på året  har tidvis vore tøff og turar har gått med tap.  Tapet  tek DAT sjølve, sidan dei fyk på eigen risiko – dette har også gjort at dei har redusert rutetilbod for i tida.

Desse opplysningar  la  styreleiar i lufthamnselskapet Dag Aksnes, fram i ei orientering til  Stord kommunestyre torsdag. Der vart det også  opplyst at det  lufthamna har kutta i kostnader  for å koma i takt med reduserte inntekter siste året.  For å få budsjettet i hamn  har  tilsette sagt seg viljuge til å m.a. å ta reinhaldet på dugnad, for å sikra arbeidsplassane.  Aksnes  fullroste  mannskapet  på flyplassen  for fleksibilitet i jobbane.

– På dette området jobbar  Stord lufthamn så lurt og godt at det  kjem telefonar frå  flyplassar rundt i landet som  spør etter råd og tips.

Også flyplassen merka  nedsving i  oljenæringa i fjor, men nådde likevel 43.000 passasjerar, og  med det vart  2016 femte beste året i den sunnhordlandske luftfartssoga.

Med  turvande millionar til rådvelde, kan lufthamna kjøpt flytenester og såleis  sjølve avgjera  rutefrekvansar.  Det er eitt av måla for den vidare drifta av flyplassen i Sørstokken.

 

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(1) Reader Comment

  1. Pingback: Kjøper flyseter