Høgskulen på Vestlandet

Nyhende — 15 februar 2017

Rådmann Magnus Mjør er nøgd med resultatet frå 2016 (Arkivfoto).

Stord kommune har eit positivt resultat på 37,8 millionar kroner, om lag 0,8 mill. kroner under budsjettert overskot på 38,6 millionar kroner.

Ei viktig forklaring er sjølve einingsdrifta, der dei fleste einingane er i balanse. Stord hamnestell leverer òg positivt resultat i 2016.

– Me må seia oss nøgde med eit slikt resultat. Det er mange som har gjort ein god jobb. Overskotet skal finansiere store investeringar i 2017, og reduserer låneopptak tilsvarande, seier rådmann Magnus Mjør.

Ordførar Harry Herstad ser seg tilfreds med at ein har nådd budsjettmåla.
– Dette var viktig for oss. Eg er svært nøgd med den innsatsen som er lagt ned, seier han.

Rekneskapen er ikkje revidert, og det kan koma endringar.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.