Høgskulen på Vestlandet

Nyhende — 17 februar 2017

Godt publikumsframmøte då kommunestyret drøfta framtida og samarbeidet mellom Sunnhordland Museum og Stord Maritime Museum.

Det vart ein god times ny debatt og det måtte til gruppemøte undervegs, før Stord kommunestyre med 31 mot 4 røyster samla seg om vedtak i saka som hadde tittelen: Stord maritime museum , forholdet til Sunnhordland museum, vidare drift. Mindretalet, representantane frå SV, røysta for sitt eige forslag om at dei to musea måtte delast og bli kvar sin eining, der Sunnhordland museum skulle drivast som offentleg regions- og ansvarsmuseum, medan Stord Maritime museum skulle over i rekkja av ideelle frivillige kulturelle organisasjonar. I debatten vart det sett attende i tid og det vart gjeve honnør til stiftinga og dugnadsgjengen som har arbeidd oppe samlinga på Nattrutekaien. Det vart trekt fram som trist, at samarbeidet mellom Sunnhordland Museum og det Maritime museet har skore seg og at avtalar er sagt opp.

Fleire på talarstolne meinte det no var viktigaste å sjå framover og å finna ei løysing i samarbeidet si beste ånd. Eit eige utval skal setjast saman for å løysa flokane.

Gjeldande vedtak frå Stord kommunestyre lyd då slik:
1. Stord kommunestyre verdset det arbeidet som Sunnhordland museum og Stord maritime museum gjennom mange år har gjort for å ta i vare regionen sin maritime kulturarv og vil leggja til rette for ei vidareføring av arbeidet til beste for partane.

2. Stord kommunestyre legg til grunn at Sunnhordland museum og Stord maritime museum bør styrkast og vidareutviklast. Det må teiknast ny avtale som regulerer fagleg og administrativt samarbeid. Partane får frist til 15. april med å få på plass eit nytt avtaleverk.

3. Dersom partane ikkje lukkast eller ønskjer å vidareføra samarbeidet legg kommunestyret til grunn at eventuell avvikling av samlinga vert finansiert over driftstilskotet til Sunnhordland museum. Kommunestyret held att 520.000 kroner av driftstilskotet til Sunnhordland museum for 2017 for å finansiera kostnader med Stord maritime museum.

4. Stord kommunesytre ber om at rådmannen tek kontakt med Hordaland Fylkeskommune for samarbeid om utvikling av det konsoliderte Sunnhordland museum som ansvarsmuseum for maritim kulturarv. Vidare prosess bør avklara organiseringa av samarbeidet med lag og organisasjonar i Sunnhordland.

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.