Nyhende — 17 februar 2017

Politiet skal bruke iPhone til å mellom anna sikre spor og ta lydavhøyr på staden.

Politiarbeid på staden skal tene både publikum og politi. Nå er den omfattande opplæringa av polititilsette i gang.

Prosjektet Politiarbeid på staden blir innført nasjonalt og inneber at førstelinja utfører og ferdigstiller ei større mengd oppgåver så tidleg som muleg, på staden. Alle tilsette i førstelinja får utdelt teknologiske hjelpemiddel som ny, oppgradert telefon for å kunne sikre spor, ta lydavhøyr og kommunisere med operasjonssentralen på ein effektiv og god måte.

– Vi ønsker å gi publikum ei betre polititeneste. Patruljane skal gjere saka ferdig i størst mulig grad. Klarer dei å gjere mange etterforskingsskritt på staden, medan saka er friskt i minne, kan det bidra til at saka blir raskare avgjort. Positivt for alle partar, framhevar delprosjektleiar Erik Henna Hagen.

Politibetjent Øyvind Børnes penslar glaset for å sjå etter fingeravtrykk.

Skal heve kvaliteten
Nærpolitireformen blei behandla i Stortinget i juni 2015 og skisserte ei langsiktig plan for utvikling av politiet fram mot 2020. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt blei frå 1. januar 2016 slått saman med Rogaland politidistrikt og fekk namnet Sør-Vest politidistrikt. Omorganiseringa inneber både ny struktur og heving av kvalitet på fleire områder. Politiet skal mellom anna utvikle nye og betre måtar å jobbe på, og arbeidet skal støttast av nye og betre teknologiske arbeidsverktøy. Delprosjektet Politiarbeid på staden er her sentralt.

Same metode for alle
Erik Henna Hagen var også prosjektleiar då Rogaland, som eitt av tre politidistrikt var pilot på Politiarbeid på staden i 2014-2015. Om lag 220 personer i Sør-Vest politidistrikt skal bli lært opp. Opplæringa blei starta i desember i fjor og går fram til påske. I førre veke var politibetjentane Øyvind Børnes og Christer Johannessen ved Stord lensmannskontor på eit tredagars teoretisk og praktisk kurs i Haugesund.

– Opplæringa er ei oppfrisking av mykje av det vi jobbar med til dagleg. Ved bruk av mobile einingar vil nå arbeidet bli enklare og saksgangen kan gå fortare, forklarer Johannessen, medan Børnes nikkar einig.

Fakta om Politiarbeid på staden:

  • Delprosjekt i Nærpolitireformen.
  • Blei gjennomført som pilot i tre politidistrikt i 2014-15 (Rogaland, Troms og Vestfold)
  • I perioden frå 2016-2018 føregår nasjonal innføring av dei anbefalte arbeidsmetodane, samt noko vidare utprøving/pilotering.
  • Politiarbeid på staden er eit steg i retning av ein meir einskapleg og standardisert polititeneste, og støttar politiet si nødvendige utvikling for å fungere og framstå som eitt politi.
  • Arbeidsforma skal auke effektiviteten og kvaliteten i straffesaksbehandlinga, betre service til publikum og auke kompetansen i politiet.
  • Metoden inneber at patruljane skal ta i bruk tilgjengeleg teknologi og utnytte denne på ein god måte.
  • Politipatruljane sitt arbeid blir understøtta gjennom effektiv samhandling og tilbakemelding.
  • Arbeidsformen som skal innførast nasjonalt, består av følgande oppgåver og organisatoriske tiltak:
    • Lydavhøyr på staden
    • Sporsikring på staden
    • Bruk av mobile einingar
    • Faste tilbakemeldingsmøter

Christer Johannessen og Øyvind Børnes får nyttig oppfrisking av kriminalteknikar Johannes Simonsen.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.