Høgskulen på Vestlandet

Nyhende — 10 februar 2017

 

Skremmande mykje skjemmande plast i endar i stendene våre.

Dei fleste av oss øybuarar har sett det med sjølvsyn: – dette at det flyt skremmande mykje platt i våre nære sjøområde som endar som skjemmande bos i strandsona. Eller som livstrugande framandelement i magen på fisk og sjødyr, jamfør kvalen ved Sotra som vart synleg sjuk og nyleg måtte avlivast. I kvalmagen var det fullt av plast(postar). Stordnytt.no har i dette biletet retta nokre spørmål til informasjonsansvarleg i Sunnhordland Interkommunale Miljøsentral (SIM), Janne Hillersøy.

– Kor stor del av boset frå strendene i området vårt er plast?

– Det veit me ikkje, men ut frå nasjonale plukkanalysar og før- og etter bilete frå våre eigne aksjonar, kan det sjå ut som om mesteparten av det som ligg i strendene er plast

– Har SIM planar om meir strandryddeaksjon?

– SIM har hatt strandryddeaksjonen «Rydd ei strand» sidan 2014 og den held nok fram i år òg. Aksjonen går ut på at lag – og organisasjonar får ein liten sum for dugnadsinnsatsen. Ein populær aksjon.

– Fitjar hadde prøveordning med innlevering av plast (vart henta i særskilde sekker langs vegen) er slikt på gang for Stord og andre kommunar?

– Slik det ligg an til no, vert det mest sannsynleg henteordning for plast i alle SIM- kommunane frå våren 2018.

– Kva skjer med plasten som bli samla inn/levert til SIM sine miljøstasjonar?

– Me leverar plasten vår til Grønt Punkt Norge, som deretter har avtalar med ulike anlegg for vidare handsaming, seier Hillersøy.

 

 

Share

About Author

Steinar Hystad

(0) Readers Comments

Comments are closed.