Nyhende — 09 februar 2017

Major Gunder F. Gundersen og nyinnvigd diakonmedarbeidar, Terje Koløen. Foto: Privat

For ein tid tilbake vart Terje Koløen soldat i Frelsesarmeen. Sist søndag vart han innvigd som diakonmedarbeidar ved ei høgtidsam handling i Frelsesarmeen på Stord.

Av Håkon C. Hartvedt, fitjarposten.no

Terje vart først presentert og fortalde så om det diakonale arbeidet han allereie hadde gått inn i, før han vart innvigd til denne spesielle tenesta ved handspålegging og bøn av major Gunnar F. Gundersen på søndag

Arbeidet handlar mellom anna om å besøkje gamle og sjuke, ta seg av dei som kjem for å få mat og hjepe dei med både det og med åndelege behov om dei har trong for det. – Eg prøver òg å knyta band med dei slik at me kan følgja opp dei som har trong for det. Og så inviterer me dei til møte i Frelsesarmeen.

Sist søndag inviterte eg innvandrarar, ein var kristen og kom frå Rwanda, og så var det mange frå Syria. Førstnemnde og fem frå Syria som var muslimar, kom på møte. Dei syntest det var kjekt å kome og få mat og høyre på god musikk.

Handspålegging og bøn. Foto: Privat

Diakonitanken kom tilbake
– Når fekk du tankar om å gå inn i diakoniarbeid?

– Når eg var liten hadde eg ei grandtante som heitte Helene (Helene Hovstad, helst kalla Leno). Ho sa: – Du er diakon, Terje!

Men så gjekk ikkje mine vegar den vegen. Det vart økonomi og marknadsutdanning i staden.

Då eg vart soldat i Frelsesarmeen vart eg mellom anna oppmoda av sersjantmajor Sonja Heie om å besøkje ein dødssjuk mann. Det gjorde eg, og ho meinte vidare at eg burde begynne å besøkje folk. Vidare fekk eg signal frå andre soldatar i armeen om at eg burde snakke med sjefen om å få ei slik teneste, for det var det stor trong for.

Kona til Terje, Else Marit, vart nokså snart etter at dei gifta seg, og tilhøyrig i Frelsesarmeen. Sidan har ho og blitt soldat. No vert ho og med i Terje sitt diakonale arbeid i Frelsesarme-regi.

Terje Koløen orienterer om arbeidet sitt. Foto: Privat

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.