Nyhende — 16 februar 2017

Når Olsen & Jensens visefest 2017 går av stabelen neste helg, byr viseklubben mellom anna på eit unikt musikalsk møte mellom ei legende og eit nytt stjerneskot, når dei bluesbaserte artistane Vidar Busk og Daniel Eriksen spelar saman på Osvald pub fredag kveld.

Vidar Busk vaks praktisk talt opp på bluesklubbar i USA, kom heim og herja landet i mange år med bandet sitt True believers. Han gav ut ei rekkje spelemannsvinnande, kritikarhylla, storseljande og ikkje minst sjangeroverskridande plater utover 1990- og 2000-talet. Med sin mildt sagt heftige dugleik på gitaren har han i tillegg vore ein mykje nytta sidemann for andre artistar. Å oppleva denne legendariske artisten musikalsk nedstrippa, i intime publokale er ikkje kvardagskost.

Daniel Eriksen har gjeve ut fire soloplater og vann spelemann for den siste «Moonshine hymns». Han har raskt segla opp som ein av landets leiande bluesartistar, med drahjelp frå mellom anna Little Steven frå Springsteen sitt E-street band.

Saman vil dei to strengeryttarane bevisa kva som faktisk går an å presse ut av to gitarar og to stemmer denne kvelden, med ei musikalsk heksegryte av blues, vintage rock n» roll og soul.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.