Nyhende Småstoff — 28 mars 2017

Flyplassen i Grimsåsen vart bygt i første halvdel av 1980-talet – no er det hogge rundt stripa.

Eitt år eller to før  Sunnhordland Lufthamn  i Sørstokken vart  offisielt teken i bruk  i oktober  1985, dreiv  Stord Modellflyklubb aktivt med  take off og landing på sin eigen nybygde  miniflyplass i Grimsåsen.  Ei asfaltstripe  60 meter lang, på eit høgdedrag tett ved Fjellgardsvegen.

– Me var mellom 10 og 20 medlemer i klubben og  klarte reisa  pengane som trongst for opparbeiding av flyplass ved å ta diverse dugnadsjobbar.  Grunneigar  gav grønt landingslys og  kommunen hjelpte til  så det kunne lagast nokre parkeringsplassane.  Fram til 1990 hadde me mange flydagar på  stripa vår,  fortel  Arne Bugge.  Han var  primus startmotor  i modellflyklubben  fram til han  flytta til  Sandnes og byrja arbeida i oljerelativert verksemd.  Der bur han framleis, men kjem snart på  modellflyvengene  når stordnytt.no kan fortelja  at det for tida  går føre seg storhogst rundt  banen.   Granane  har vakse seg høge på dei snart 35 år som ar gått sidan flyplassen vart  planert ut ved  Grimsåsen.   No er det  igjen luftig  i området.  «Ready  for take off» igjen ?

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.