Småstoff — 30 mars 2017

Frå venstre : Ove Olderkjær, Thomas Stautland, Arvid Sannes, Nils Johan Aksdal, Werner Limstrand, Andreas Taraldsøy, Svein Arne Theodorsen og Sverre Hugøy.
I tillegg er desse med i Trekkspelklubben: Odd Magne Agdestein, Magne Sæbø og Arne Sunde.

Komande sundag kan du oppleva trekkspelmusikk i gudstenesta i Stord kyrkje. Det er 4. sundag i faste og vi tel ned,  ladar opp og førebur oss til påskehøgtida.

Kantor Ole Jørgen Furdal som spelar på gudstenesta sundag, har fått Henning Sommerro til å laga eit arrangement for orgel og trekkspel. Dette kan du høyra urframført i Stord kyrkje på sundag.

Stord Trekkspelklubb med leiar Ove Olderkjær har øvingar kvar måndag og spelar ved ulike høve. Dei deltek mellom anna ved gudstenester. Trekkspelklubben har øvd inn fleire fine musikkstykke som dei vil spela i gudstenesta, dei vil og leia kyrkjelyden i salmesong.

Prost Svein Arne Theodorsen er liturg og spelar trekkspel i lag med Trekkspelklubben. Misjonssekretær Paul Odland er predikant, det vert takkoffer til Isralsmisjonen og vi feirer nattverd. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi. Alle er velkomne, helsar  Stord kyrkjelyd.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.