Nyhende — 23 april 2017

Om lag 2000 unge fotballspelarar har vore i aktivitet i Hustrudalen i helga.

– Imponerende. Dette hadde vi nok slitt mer for å få orden på borte hos oss, sa Bama sin utsending til Solid-cupen «Eat Move Sleep».

Søndag morgon vart han vitne til at 5 centimeter nysnø ikkje er noko hinder for IL Solid til å gjennomføra endå ein forballcup for unge talent, til 20 i stil. Klokka lit over sju tok cupkomiten nokre telefonar og spurde om måkehjelp for å få banane klare til kamp. Rett frå senga kom dugnadsmannskap med måkereiskap i hand og på ein god time var det kvite snølaget borte. «Eat move sleep» – vart kvikt omdøypt «et måk sov».

– Heilt super innsats frå mange, eg må igjen få takka, seier cupleiar Grethe Fadnes når stordnytt.

No ber om ei oppsummering av årets fotballmøte i Hustrudalen for årsklassane seks, sju og åtte år laurdag, ti elleva og tolv år søndag.

Sportsleg ein suksess, der tre’ar fotball vart introdusert og prøvt ut for dei yngste laurdag. Vel motteke, også mellom skeptikarane.

Nokre timar ut i cupen søndag hadde banane fått ei meir vårleg preg – med godt kledde foreldre og føresette som publikum.

– Men me fekk oss endå ei mindre kjekk overrasking til søndag morgon, seier Fadnes, og viser til telefonen til kampleiar klokka halv ni.

Den kom frå ein trenar som stoda ilag med tre lag frå Trio og tre lag frå Halsnøy som hadde stranda i Ranavik. Laga kom ikkje kom seg over fjorden fordi det var noko gale med ferja. Då heller ikkje neste ferja gjekk (kl 1015) og det såleis ikkje vart overfart før 11.30, måtte laga melda avbod.

– Dette synest me var frykteleg triste greier, seier Fadnes.

Slik såg det ut på banane ved halv åtte tida søndag morgon. Dugnadsgjengen i full sving med måkene.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.