15. april var frist for Sunnhordland Museum og Stord Maritime Museum til å koma med forslag til løysing på floken som oppstod etter at Sunnhordland museum sa opp avtalen for drifting av det maritime museet på Nattrutekaien.
I møtet i Komite for næring, kultur og miljø onsdag gav rådmann Magnus Mjør ei «løypemelding» kring stoda, der han kunne slå fast at det ikkje ligg føre noko forslag til avtale for vidare samarbeid. Sunnhordland Museum ville ikkje møta til samtalar. Saka har også vore til drøfting i fylkeskommunen, der haldninga er at det er mogleg med deling i to museale einingar. Kommunen si haldning er at det burde koma på plass ein avtale mellom partane.
– Ein kinkig situasjon dette, men kommunen held kontakt med dei to leiaren. Seinaste i går var det samtalar med dugnadsgjengen på Maritimt museum og det blir snart møte med den nye styraren på Sunnhordland Museum. Her er både juss, økonomi og praktiske ting å finna ut av, sa Mjør.
Han lova godt utgreidd sak om både framdrift og framtid for komiteen før ferien.
– Private tok seg av husleiga på Nattrutekaien fram til og med mars, kven betalar denne no, spurde Jan Terje Alsaker (A)
– Det blir ordna gjennom løyvinga som er avsett til museumsstøtte i år, svarte Mjør.
– Eg vil gjerne ha fram at det frå maritimt museum er vilje til drøftingar og vidare samarbeid, forklarte komitemedlem Kjetil Eldøy, som også kommunen sin representant i styret for Stord Maritime Museum.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018