Nyhende — 01 april 2017

Om lag midt i Langenuen, rett nok noko avgøymt mot aust, ligg Storsøy naturreservat i det ein kunne tru var smult farvatn. Ikkje er det den stor båt- og besøkstrafikk til øya med over 500 planteslag heller. Men plenty bos i strendene også der. Det vil elevar ved Høgskulen Vestlandet, campus Rommetveit, gjera noko med og har spurt seg føre hjå det kommunale landsbruks- og miljøkontoret om det er restriksjonar på å innta strandsona på øya for å rydda og plukka søppel. At er det trong for ein ryddeaksjon, vert stadfest med nyleg tekne bilete på staden som viser stor mengder tau og plast.

– Ryddinga ønskjer me å setja i samband med eit kunstformidlingsprosjekt som blir gjennomført i kunsthallen i Kulturhuset seinare på våren, melder Høgskulen.

Kari Rydland, som behandlar miljøspørsmåla på landbrukskontoret, omtalar initiativet frå høgskulen som flott, men siden det er tale om eit statleg freda naturreservat, må det hentast inn eit formelt ja-svar frå Fylkesmannen. Det reknar Rydland med vil gå veldig greitt.

Elles er det å minna om at det blir fellesrydding av strendene i Stord (i regi av kommunen) den 6. mai.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.