Nyhende — 12 april 2017

Magdalena From Delis har hovudrolla i Severin Eskeland sin nye spelefilm.

Prisutdeling, festpremiere på Lyst, Frankenstein-kveld og togtur med film i gruvene er nokre av høgdepunkta i tidenes første skrekkfilmfestival på Stord.

Det går fram i ei pressemelding.

18. april opnar Stord skrekkfilmfestival med prisutdeling i Stord kulturhus. Då blir beste unge skrekkfilmskapar kåra.

19. april er det Frankenstein-kveld i Stord folkebibliotek.

Mary Wollstonecraft Shelley skreiv fram det verdskjente Frankensteins monster i det som blir rekna som verdas første sci-fi-roman. Verdsklassikaren kom for første gong på nynorsk denne vinteren. Omsetjaren, Øystein Vidnes, samtalar med Svein Olav Langåker om aktualiteten i boka og om den fascinerande historia til forfattaren som byrja på Frankenstein allereie som 18-åring.

– Det er utruleg å sjå korleis Mary Shelley tenkte på den tida og kor framsynt ho var kring problemstillingar som framleis er aktuelle. Sjølv om det er ei gamal historie, som er ganske rar, så er det myke som peikar framover. Det handlar om mennesket sitt ansvar for naturen og det dei sjølv har skapt, sa Vidnes til Framtida.no då boka kom ut tidlegare i vinter.

Festpremiere

Etter samtalen blir det framsyning av filmen Frankenstein frå 1931 i småsalen på Stord kulturhus. Filmen med Boris Karloff i den legendariske rolla som Frankensteins monster er inkludert i Library of Congress si filmliste som ein «kulturelt, historisk og estetisk viktig film».

Torsdag 20. april er det festpremiere på Stord-regissør Severin Eskeland sin nye film LYST med Magdalena From Delis (biletet)

i hovudrolla.

Barnearrangement og tog i gruva

Laurdagen er det barnearrangement med opplesing av zombie-boka Zara og dei av Bjørn Sortland under Bok & bolle i Stord folkebibliotek.

Om kvelden blir det filmvising av Død snø i gruva på Litlabø.

– Venelaget er greie og stiller med tog, som me køyrer inn i gruva før me viser filmen, fortel Øystein Kyvik, leiar i Stord fotoklubb. Fotoklubben var med på å arrangera filmvising i gruva for fleire år sidan.

– Det er ein fantastisk lokalitet, og ei stor oppleving i seg sjølv berre å vera der – sjølv om det er kaldt. Lyden er òg flott, legg han til.

Filmfestivalen blir for første gong arrangert på Stord i eit samarbeid mellom Stord filmklubb, Stord kulturhus, Stord folkebibliotek, Stord vidaregåande skule, Stord mållag og Stord fotoklubb.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.