Småstoff — 20 april 2017

Olav Granberg forklarar om produksjonen ved garveriet. Foto: Svein A. Birkeland

Medlemer av knivklubben på Stord var onsdag på tur til Granberg Garveri i Ølen. Der var det dagens leiar, Olav Granberg som tok imot og losa gruppa gjennom heile produksjonen.
Bedrifta vart starta i 1951 og er i dag einaste garveriet i Noreg. Dei er 37 tilsette og behandla i fjor omlag 75.000 skinn.

Det vart og tid til å sjå ei informasjonsfilm om produksjonen, før det vart noko handel i butikkutsalet. Alltid noko ivrige knivkarar har bruk for når ein kjem over eit utsal som dette.
Som takk for opphaldet, hadde Wilfred Sætre laga ein kniv til Olav Granberg, – og det med skinn til slira frå garveriet i Ølen.

Turen vart toppa med middag på Etne Camping før retur til Sommerøya.
Og for ordens skuld, knivklubben vitja sist haust fabrikken til Johan Hamre i Etne, så no har medlemmane «full kontroll» på produksjonen fram til ferdig resultat.

Framleis mange tusen ferdige skinn på lager. Foto: Svein A. Birkeland

Wilfred Sætre overrekk kniven han har laga spesielt for Olav Granberg. Foto: Svein A. Birkeland

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.