Nyhende — 13 mai 2017

 

Leirvik Mannskoret, her saman med Stord Musikklag i Nordre Kaisving ein tidlegare 17. mai morgon.

Etter feiring av dagen med morgontog, skulemarkeringar og borgartog med hovedmønstring i Parken, blir publikum inviterte  til den tradisjonelle 17. mai-matiné i Kulturhuset. Ein konsert  som svært mange har sett stord pris på. Me ynskjer at våre trofaste fylgjarar, samt andre finn veien til kulturhuset for å avslutta ei fin 17 mai feiring.

Her blir  mykje vakker song og musikk og spennvidda av aktørar er stor.  Tidspunkt er vist i program i Sunnhordland. Sett av tid og få ein fin avslutning på dagen med gode vener og lytt til mykje fin song og musikk. Hjelp oss å ta vare på denne tradisjonen.

Aktørar i år er Stord Musikklag,  Helena Hagen Leseth, Matilde Steensohn-Olsen, Brittanna Hovda Balchen frå Aspane,. Synnøve Hagen Leseth frå Musikklinja, Synnøve og Ranveig Hagen Leseth, Songlaget Stordabuen – Rommetveit Skulekorps – Stordabuen Toradarklubb og Leirvik Mannskor.

 

Matineen er ein fin avslutning på ein travel dag. Finn roen og nyt konserten. Vonar me får sjå ein fullsett sal som avslutning på ein vellukka 17 mai feiring., skriv arrangørane i ei pressemelding.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.