Nyhende — 17 mai 2017

Helena Hagen Leseth, Matilde Steensohn-Olsen og Brittanna Hovda Balchen frå Aspane
FOTO: Arja Myhre

Tradisjon tru var det duka for ein forrykande 17.mai matine onsdag ettermiddag. Både nye og gamle var til stades for å opptre på scena.

 

  1. mai Matineen

Stord Kulturhus

Medverkande: Stord Musikklag m/Preston Kingsley, Helena Hagen Leseth, Matilde Steensohn-Olsen og Brittanna Hovda Balchen; Songlaget Stordabuen m/Helge Heiberg-Andersen, Torleiv Agdestein og Marita Huse; Synnøve Hagen Leseth og Ranveig Hagen Leseth; Fredrik Horn; Rommetveit skulekorps m/Håvard Kroka; Stordabuen Toradarklubb; Sigmund Kroka; Leirvik Mannskor m/Ailin Sanden med fleire

Tid: 1t og 30min

 

Av Malin Langøy Aarbø

 

– Det er kjekt å sjå at så mange vil vera med oss og ta del i denne dagen, sa konferansier for kvelden, Sigmund Kroka, i sin innleiingstale i Stord Kulturhus.

Kroka har stått som ansvarleg for matineen i fjor så vel som i år. Han opplever at dei har fått i stand eit variert program som kan passa for fleire.

– Eg synes 17.mai matineen er ei fin avslutning på dagen, samtidig som me får visa fram breidda av musikk, korliv og nye talent i frå musikkskulen og musikklina. Dette er utruleg viktig å få til. Generelt har me fått flotte deltakarar med på arrangementet, seier han, og påpeiker dessutan at han er særs imponert over solistane og Rommetveit skulekorps.

 

Debuterte som solist

Blant solistane som opptredde var Synnøve Hagen Leseth og Ranveig Hagen Leseth. Førstnemnde går første klasse på musikklinja og var seinast med på ABBA-konserten med Stord Musikklag og Stord Skulekorps i april. Dette var første gong ho song på 17. mai matineen.

– Det var absolutt ei fin oppleving, veldig kjekt. Eg ser ikkje vekk ifrå at det er mogleg å gjera det på ny dersom eg blir spurt, seier ho til Stordnytt.

På spørsmål om kva som skal til for å tiltrekka seg yngre aktørar til arrangementet, svarar ho at ansvarlege for programmet har gjort ein god jobb med å setta saman eit program for ulike aldrar.

– Dette er nok ein lur idé, seier ho.

Synnøve Hagen Leseth. FOTO: Arja Myhre

Opptredde for siste gong

Leirvik Mannskor hadde med seg Fredrik Horn på piano også denne gong. Horn har tidlegare delteke på samtlege av Stord sine musikkarrangement og er eit kjend ansikt i lokalmiljøet. No viser det seg at dette kanskje er hans siste offisielle konsert med Leirvik Mannskor før han flytter til Bergen.

– Eg hadde kanskje håpa at han hadde funne seg ei jenta på Stord, men slik vart det no ikkje, flirte formann Sigurd Buchvold under avslutningstalen sin. Han ynskjer Horn hjarteleg velkomen tilbake.

– Han har lært oss utruleg mykje opp gjennom åra.

Rommetveit Skulekorps FOTO: Arja Myhre

Songlaget-Stordabuen FOTO: Arja Myhre

Mange bunadskledde i ein tilnærma fullsett storsal i kulturhuset. FOTO: Arja Myhre

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.