Nyhende — 15 mai 2017

Ser uskuldige ut der dei kviler på sjøen – men for for produsentane i regionen er grågåsa til stor plage.

Flokkar  av grågås i  v-formasjon  mot nord  er rekna som  gildt vårteikn over  regionen Sunnhordland.  Men det var mest  før  storetaren av godt gras fann ut at  grøne bøar i Sunnhordland hadde snaddermat å by på.   Etter kvart er flokkane av  hekkande grågås i regionen blitt eit  problem  for landbruket. 

–  Storfuglane  et bøane reine for gras, omtrent samstundes som dei skit  bøen ned.  Dei øydelegg snøgt store  forareal og noko bør gjerast for å få bukt med  eit aukande problem, seier bønder stordnytt.no har snakka med.

–  Me kan berre seier oss samde i at  bestanden av grågås vekst snøgt og  skapar vanskar  for  landbruket i  så vel Stord, Fitjar  og Kvinnherad, som i Austevoll og Bømlo.  Tidlegare i vår svarte me ja på alle søknader  som kom for fellingsløyve  på skadegås.  Nokre fuglane vart felte, men dei lærer fort og  gøymde ei stund seg så snart  dei høyre geværskot.  Nett i denne perioden, når graset er i beste veksten, er det full hekkesesong  og  ulovleg å jakta, seier  fagkonsultent innan viltstell på  landbrukskontoret  for Stord og Fitjar, Ole Kr. Trondsen.

Ei årsak til at  bestanden er aukane, kan liggja i det som vert sagt om at grågåsa har innbygt  ringeklokke  som varslar  når det nærmar seg offisiell jaktstart  i  august.  Eit par dagar før den aktuelle datoen lettar store flokkar og forlet landet.

– Endra jakttid og  å arbeid for større interesse for jakt på storfuglane,  som i røynda er ein stor  og velsmakande matressurs, kan vera ein vegar å gå for ¨å få bukte med veksten i  grågåsbestanden.  Me jobbar med den saka, seier fagkonsulent  Trondsen til stordnytt.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.