Nyhende — 12 mai 2017

Nytt toppdekke på plass på deler av Ådlandsvegen

 – I somme vegar har slitasjen i køyrebanane blitt så djupe at det har vore direkte fare for understyring. Det er desse vegstrekningane  me har prioritert i denne runden med reasfaltering, opplyser fagsjefen   i den kommunale vegavdelinga Harald Oddvar Sæbø.

Har du køyrt Ådlandsvegen  mellom krysset mot Tysevegen og krysset mot Skyttarhaugsvegegn  har du med  glede merka at det er koma nytt asfaltdekke der det over tid har vore  «groper»  å følgja for hjula.  Og reine elvefar når det har regna.  Liknande spordekke  i Heiane-området og Kårevikvegen skal  få nytt dekke i denne runden.

– Kva så med  Fjellgardsvegen og  Vatnadalsvegen?

– På nemnde vegar er det registrert aukande biltrafikk  og  slitasjen  byrjar blir  meir enn merkbar.  Test av bereevna  blir  no gjennomført for  få på det reine om  nytt toppdekke er det som trengst, eller om det må setjast inn tiltak for å styrka veggrunnen først, seier Sæbø.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.