Nyhende — 19 mai 2017

På bilete ser ein framme frå venstre Hans Ola Røksund – banksjef SR-Bank Stord, Andreas Sirevaag – Frivilligsentralen, Nina Lovise Langeland- Frivilligsentralen, Knut Øivind Markhus- Kunderådet til SR-Bank, Marit Stockmann- Venelaget og Kurt Grundvold – Venelaget.

Sparebank1 SR-bank Stiftelsen har hatt si halvårige utdeling av pengegåver på Stord. Denne gongen var det Frivilligsentralen i Stord kommune og Venelaget for Vetranskipet MS Sunnhordland som fekk uventza midlar. Gåveutdelinga føregjekk om bord på MS Sunnhordland.

Frivilligsentralen som fekk kr 75.000,- skal nytta gåva til innkjøp av telt, soveposar, stormkjøkken og mykje anna som ein kan få låne gratis. Føremålet med dette prosjektet er å fremja trivnad og helse blant born og unge ved å rive ned barrierar for deltaking, utvikle fritidsaktivitetar saman med andre aktørar, støtta aktivitetar som allereie fins og få fleier born og unge til å delta i aktivitetane.

Venelaget for Veteranskipet MS Sunnhordland vil nytte gåva på kr 45.000,- til utsmykking av båten. I dag heng det bilete frå tida båten gjekk i crusiefart i Finland. Dette ynskjer Venelaget å gjera noko med og vil henta fram gamle lokale bilete og fotografi som syner historia til båten som gjekk i rute her i Sunnhordland ( 1949 – 1973). Bileta skal saman med tekst fortelja historia til MS Sunnhordland.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.