Nyhende — 16 mai 2017

«Klatreteltet» er siste tilvekst til leikeplassen i Fitjar sentrum.

– I botnene ligg eit brennande ønskje om gjera sentrum i kommunen vår endå meir attraktivt for både små og store. Gjennomføringa er blitt mogleg med pengestøtte frå Tippemidlar og ein del kommunale kroner. Er borna nøgde med resultata er sjølvsagt ordføraren det også, seier Wenche Tislevoll i Fitjar til stordnytt.no

På den kommunale bøen på vestida av Rådhuset i Fitjar, døypt «Blomster-Malvins Plass», har det siste tida koma opp nye leikeinstallasjonar. Aller siste tilveksten, eit klatretelt, var klart til bruk søndag – og borna var ikkje seinare om å ta dei nye tilbodet i bruk. Ei rekkja andre apparat for fysisk utfalding er på plass, alt sjølvsagt montert etter alle kunsten tryggingsreglar.

For ein innbyggjar i kommunen sør på øya, melder spørsmålet seg om kva tid Leirvik sentrum skal kunna by på noko liknande. Ved Kulturhuset er det fleire grøne areal som lett kan utviklast til leike- og møteplass. Nokon som tek utfordringa?

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.