Nyhende — 14 mai 2017

Idylliske bakkar og strender ventar i Ruvikjo

Med Trekantsambandet vart  Nautøya  gjort enkelt tilgjengeleg også  for bilande, syklande og gåande. Før den tid var det berre råd å nå  øya  sør-vest i Stord kommune med båt.   Det særmerkte for  Nautøyo må vera at ho byr på tre vikar med langgrunne strender.   Frå parkeringsplassen tett ved startpunktet for  Bømlabrua  er det laga gode gangvegar  til badeidyllane.  Først til  Breidavikjo, som vender  mot vest.  Derfrå  gjekk det ein litt eldre sti mot aust  til  Kobbavikjo  med utsyn mot  Stordbrua.   I vår er det kome  opp nye skilt som viser  gjestene vidare til  Ruvikjo –  i nordaustenden på øyo.  Ein superfin badeidyll med  bakkar og strender og svaberg – og restaurert kai for den som vel å  koma sjøvegen.   Frå  Breidavikjo kjem det  også eit  vestleg stialternativ slik at det blir  lett å gå turen «Nautøyo Rundt».  

Friluftsrådet Vest har oppdraget med tilsyn og stell og tilrettelegging av friområda i Stord kommune. Dagleg leiar i selskapet, Oddvin Øvernes, opplyser til stordnytt.no  at det er  Verkstadklubben på Kværner Stord  som eig Ruvikjo, som det no er inngått bruksavtale for til  offentleg  område for friluftsliv.

–  Måtte det berre bli ein god sommar, slik at idyllen kan nytast.

 

Med sommartemp i sjø og på land blir dette ein super bade- og leikeplass

Nye skilt viser stien til Ruvikjo

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.