Nyhende — 15 mai 2017

Post i Huglabutikke frå 1.juni

Generalforsamling i Huglabutikken AS kunne laurdag motta den gode melding frå styreleiar Per Egil Sæter, om at 2016 vart eit nytt år med overskot i drifta. Gjerne ikkje dei største tala, men 12.000 i pluss, og 4000 i skatt, er stadfesting på at den folkeeigde nærbutikken på tradisjonsrike handelsstaden Nordhuglo, så absolutt er liv laga. Etter nokre tøffe år i starten, er eigenkapitalen i det tiande driftståret henta inn og blitt styrka. Dei 97 aksjonærane har fått verdipapir på veg opp i verde. Ekstra gledeleg i jubileumsåret er det at omsetnaden av matvarer er aukande. Med til denne soga høyrer at Huglabutikken med styrar Wenche Taranger også er eit viktig sosialt treffpunkt i auste bydel av Stord kommune.
Frå 1. juni blir denne funksjonen endå sterkare. Postomberaren på Huglo gjennom mange år er blitt pensjonist og mellom Huglabutikken AS og Posten er det inngått avtale om tenesten som skal til for å få dagens post spreidd på øya. Det blir bodrute for brev og den slags, medan pakkeposten må hentast og kvitterast ut på butikken. På generalforsamlinga vart det attval for styreleiar ..
10 års drift av folkeeigde Huglabutikken AS – vart markert med gode kaker på Generalforsamling. Til høgre styreleiar Per Egil Sæter.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.