Nyhende — 17 mai 2017

Lengste torget gjekk i Sagvåg: Med tre skular, tor barnehagar, to musikkorps – pluss lag og organisasjonar vart det langt fellestog for bydelen Sagvåg/Litlabø. – Som det vart sagt på sidelina: – Eg lurte ei stund på kor da va blitt åv folkje i dag, for da va litt grese på tilskuarplassane, men no ser eg at di fleste går i toge.

Bydelen Sagvåg/Litlabø har siste åra fått til det som har vore omtalt som kanskje mogleg i andre deler av kommunen: – nemleg å gå saman om eit laaangt skule- og borgartog 17. mai. Toget går også ei ganske så lang rute – frå Kiwien via Buneset til Nysæter kyrkje. Elles å merka frå føremiddagen denne nasjonaldagen på Stord, er at nokre skular hadde justert tidpunkt for samling og togavgangar, slik at det krov god logistikk for den som skulle prøva få med seg mest og flest mogleg tog. Stordnytt tok ein liten runde og kan melda om stor oppslutnad om feiring. Heldige med veret har me også vore- så langt.

 

Mange høyrde konserten til Langland Skulekorps etter togrunden.

Denne kvartetten på Hystad var mellom dei mange sjuandeklassingane som denne syttande maien hadde appellar rundt på skulane. Kongen vår var sentral i bodskapen dei leverte med klåre røyster.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.