Nyhende — 15 mai 2017

Dimensjonar omver lasta som kom med Albatross til Vikafle  måndag ettermiddag.

Det ber sidepåskrifta  Offshore Heavy Transport med rette, spesialskipet «Albatross»  som seig inn på Vikafle måndag ettermiddag.  På dekk hadde båten  to av fem  flytarar til Hywind-prosjektet som er i full montering på Eldøyane.   Kvar av  flytarane er vel 90 meter lange  og blir sjøsett  ved at  Albatross søkk seg så djupt at  lasta flyt av.  Flytarane er produserte i Spana.

Ein av flytarane blir  tysdag eller onsdag lenda til Nattrutekaien, den andre blir dregen til  eit område ved Hidle.  Neste prosess er å  fylla  dei med sjøvatn slik at dei «står» i vatnet, for så å  slepa seksjonane  ein større flåte som skal ankrast opp utfor Gullberg.  Sidan  skal  vatnet  pumpast ut og  flytaren fyllast med jarnmalm som skal gje den  nødvendige ballast, før  mølletårna som no står på  Eldøyane blir løfta  opp på flytarane og bolta fast.  Løftejobben tek Saipem 7000 – verdens største kranskip – seg av.

 

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.