Nyhende — 16 mai 2017

Stord Kristne Skule har ikkje gitt opp håpet om skuledrift i dette bygget frå komande august.

– Nei, me kan ikkje gje opp når me er komne så langt i prosessen. Sidan dette no er blitt ei rein byggjestak, kjem me til å anka avgjerda i Forvaltingsstyret til Fylkesmannen. Målet vårt er framleis å kunna starta opp skuledrifta i august, me har elevgrunnlaget, me har gode søkjarar til både rektor- og lærarstillingar. Og no mangla me ei røyst på å få godkjenning på skulestad. Me var nesten i mål, seier styreleiar i Stord Kristne Skule Geir Martin Økland etter møtet i forvaltingsstyret tysdag.

Der skulle det svarast ja eller nei på spørsmålet om løyve til bruksendring og dispensasjon for omgjering av deler kontorbygget i Podlen i Sagvåg til skule. Forslag frå Randi Nysæter (KrF) om å gje dispensasjon for fire år, fekk til slutt fire røyster – medan dei andre fire medlemene følgde innstillinga frå administrasjonen og røysta mot. Med avgjerande vekt på at utearealet kring bygget er for lite i høve til norma for skuledrift. Med åtte medlemer til stades – vart det leiar Nils Magne Blålid si dobbelrøyst som avgjorde saka.

– Me har ikkje alternative lokalitetar å jobba med, difor blir det ekstra spennande kva Fylkesmannen meiner i spørsmålet, seier Økland til stordnytt.no.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.