Nyhende — 17 mai 2017

Flagget opp presis klokka sju

Lett overskya med fin temperatur  då flagget vart heist og nasjonalsongen spelt presis klokka sju i Nordre Kaisving  – som tradisjonell  opning av  17. mai  på Leirvik.   Her kan godt føyast til at det faste publikum av bunads og dresskledde  morgonfuglar  var  tilstades, denne gongen supplert av mannskap på diverse farty som  for tida ligg i travle Leirvik hamn.   Pål Roseth ønskte vel møtt på vegner av  tilskiparen  Stord Musikklag, og  gav  så ordet  til Odd Stuve Rommetveit. Han hadde det ærefulle oppdrag å  leggja ned kransa  ved minnestøtta over dei som miste livet i «Austri»-forliset  under krigen  og  ved den snart 100 år gamle  støtta  til minne om  Baard Haugland,  første bonden i krongens råd.  Evnerike  Haugland, fødd i 1835,  kom frå  Haugland  på Stord. Han  drog tidleg til Bergen og  fekk seg arbeid i butikk, kom attende og slo seg opp som butikkeigar og politikar  i Stord, så i fylket –før han tok steget til rikspolitikken og  enda som statsråd og finansminister.   Rommetveit formidla soga  på framifrå vis.

Frå  kaisvingen  gjekk  toget , med speidarane, musikklaget  og mannskoret  gjennom  Borggata  og  vidare  til  sjukehuset  for  morgonkonsertering.

 

PS: Elles å merka seg  for dagen vidare i vårt  neste pengepapirlause samfunn – er at  komiteane rundt  i skulekrinsane  ber  besøkande  hugsa å ta med seg kontantar til  kjøp av  is og pølser og den slags.  

 

Odd Stuve Rommetveit Talte og la ned minnekransar

 

Speidarflaggborg første i morgontoget.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.