Nyhende — 18 mai 2017

Dei politiske skillelinjene var godt synlege under dagens kommunestyremøte. Medan høgresida stemte for eit gjeldstak, stemte venstresida mot.  FOTO: Arja Myhre

Torsdag formiddag bestemte kommunestyret at det ikkje skal innførast gjeldstak for Stord kommune i komande budsjettplanar. Ikkje alle var nøgd med vedtaket.

Av Malin Langøy Aarbø

– Me ser på tvers av kommunane at det er eit veksande problem når fleire og fleire kommunar tar på seg høgare gjeld når renta er så låg. Når renta omsider vil auka og me har oppdratt oss ei gjeld på 1,7 milliardar, risikerer me å måtte kutta dramatisk i tenestetilboda. Me ønskjer derfor gjeldstak som eit verkemiddel for ein forutsigbar økonomi, sa Geir Angeltveit (V) under dagens kommunestyremøte.

Saman med Høgre og etterkvart Frp stemte dei for eit kommunalt gjeldstak med umiddelbar verknad for å styrka driftsresultatet. Med 12 av 35 røyster fekk dei likevel ikkje gjennomslag for ynskje sitt.

Ein krevjande økonomisk situasjon

Trass i eit overskot på 35,1 millionar kroner i fjor, har Stord kommune opparbeidd seg ei total gjeld på 91 250 kroner per innbyggjar fram til no. Bakgrunnen seiast å vera ein krevjande økonomisk situasjon. Ifølgje møteinnkallinga er det venta at kommunen sine årlege rente- og avdragskostnader vil bli ti millionar kroner høgare om fire år.

Rådmannen har i denne samanheng tatt til orde for at kommunen bør vurdera å innføra eit gjeldstak, og at dei kanskje kan bli i stand til å betala ned meir i låneavdrag etter oppmoding frå fylkesmannen.

Viktig med investeringar

Blant motstandarane var Nils Magne Blålid (SV), som saman med Ap bekymra seg for kvaliteten på dei kommunale tenestene dersom eit gjeldstak hadde blitt innført. Han påpeikar blant anna at tilboda til psykisk utviklingshemma og bustadbygging kan bli påverka.

– Vi greier ikkje desse investeringane dersom vi skal oppretta eit gjeldstak. Dette er hovudargumentet på kort sikt. Det er framleis slik at vi kan halda økonomien i balanse ut i frå dei inntektene og utgiftene me har, utan at vi står der med eit sjølvpåført gjeldstak som vil fungere mot si hensikt i forhold til dei investeringane me ynskjer å gjennomføra i denne perioden som er.

FOTO: Arja Myhre

FOTO: Arja Myhre

FOTO: Arja Myhre

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.