Nyhende — 17 mai 2017

Erling Leivestad mottok sterk applaus frå mange frammøte i Parken

Applausen vart  langvarig  og hjartevarm  etter  16 år gamle Erling Leivestad  sin  17.mai-tale på folkemøtet i  Parken.   Ikkje så rart,  for talaren var  stjerneklår i røysta og sende frå seg  mangt eit visdomsord til  dei mange hundre som hadde funne vegen til den flotte  Parken  på toppen av Leirvik.  Endestasjon  for eit   høgst levande  Borgartog med variert  innhald.

Leivestad  minna om at  me er heldig i Noreg som kan  feira nasjonaldag  i  eit  demokratisk og fritt land.  Han  retta  ei fin oppmoding til dei vaksne om ¨vera gode føredøme for slektene som skal ta over styre og stell. Han oppmoda dagens unge om  å vurdera leggja  tekniske sosial medium stundevis til side for å snakka saman.   Det  tekniske livet kan me slå av –  medan det eigentlege livet er det heile tida – og det må me ta tak i, sa talaren.

Leirvik Mannskor og Stord Musikklag stord for den musikalske underhaldning  på  samlinga i Parken.

PS: Det særmerkte  for 17. mai  2017  må vera  dei veldig mange bunadskledde som pynta opp i det vakre maiveret.  Så heldig kan me altså vera.

Volleyball var eit av mange artige innslag i Borgartoget

Folkedanslaget og Ungdomslaget underheldt på Torget før togavgang. Eit populært innslag

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.