Nyhende — 19 mai 2017

Dette området meiner Bente Bjelland vil høve framifrå til leike- og aktivitetspark på Leirvik.

– Kven tek utfordinga for å få til ein sentral leikeplass på Leirvik? spurde me her i stordnytt.no etter å har omtalt suksessen med slik aktivitetsplass rett utfor rådhuset i Fitjar.
– Den utfordringa har eg og Stord Ap alt tatt, svarar Bente Bjelland.
Ho er folkevalt i Stord og leiar av Komite for næring, miljø og kultur – og har sitt daglege virke som kultur- og informasjonsjef i Fitjar kommune. Der har ho hatt ei stødig styrande hand med i arbeid for å få etablert leikeparken.

Bente Bjelland har sjølv testa klatreteltet utfor rådhuset i Fitjar….

– Sidan eg har sett kor bra dette vart i Fitjar hadde eg ønske om at me kan få til det også i Stord. Eg syns det er spanande med sentrumsutvikling og syns det er viktig at me skaper liv og røre i Leirvik sentrum/Borggata. Her er forslaget eg kom med på Stord AP sitt årsmøte som vart samrøystes vedteke oversendt til kommunestyret:
«Stord AP vil laga aktivitetspark i område Torget/Borggården, med aktivitetsapparat/treningsapparat for born og vaksne. Ein ber om at plassering av aktivitetsparken vert gjort i samband med utgreiing av plassering av skulpturen til Anders Kjellesvik . Forslag til finansiering : Stord kommune sitt investeringsbudsjett for 2018 og 50% spelemidlar for nærmiljøanlegg.»

– Ei spennande løysing for å få dette etablert, kan vera å ta i bruk heile Borggarden til aktivitetspark der Kjellevik-installasjonen blir ein del av heilskapen.
Industriarbeidarmonumentet som står der i dag, trur eg vil koma like godt til sin rett ved å få ny plassering ein stad i kaiområdet. No skal det jobbast aktivt med desse planane, lovar Bente Bjelland.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.