Småstoff — 28 juni 2017

Nydeleg utsikt innover Klosterfjorden.

Sola har stukke fram, og endeleg er campingsesongen i gang. Desse gjestene nyt utsikta på Sponavik camping.

Campinggjestene Morten og Anita Svarstad held på å setja opp solstolane når Stordnytt møter dei i Sponavik Camping. Etter nesten ein heil månad med regn, strålar sola i dag, noko campinggjestene er svært fornøgde med. Ekteparet har kome frå Vaksdal for å følgje sonen på 10 år på taekwondoleir som føregår denne veka. Familien kom Sponavikjo måndag og skal vera til fredag. Dei er godt kjende med camping, og har campa i over fem år.

Me har campa både i Sverige, Danmark og mykje i Kristiansand, men aldri på Stord, fortel dei.

Dei likar seg godt her, og ser fram til å tilbringje dei neste dagane på sommarøyo.

Stordnytt har i fleire dagar prøvd å komma i kontakt med Per Ivar Ingebrigtsen, som driv campingplassen, for å høyra litt om korleis han ser på sesongstarten, men Ingebrigtsen er ikkje å oppdriva.

På Sponavik camping er det plass for telt, campingvogner, bubilparkering og fleire hytter ein kan låna. Morten og Anita Svarstad frå Vaksdal er gjester heile veka, og set pris på litt sol.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.