Småstoff — 19 juni 2017

Mange valte å besøka Friluftsfestivalen på grøntanlegget ved Storavatnet sundag.

Det vart ein vellukka og godt besøkt Friluftsfestival på grøntanlegget ved Storavatnet på Litlabø sundag.

Sæ barnehage stod for fin opning med ei lang larve av ungar og vaksne som blei til mange flotte dansande sommarfuglar før dei song «Vestlandet» til avslutning, Det mangla ikkje på aktiviteter å vera med på; kano- og kajakkpadling, natursti, stylter, livlinekasting, tauknyting, bogskyting, hesteskyss, fiffig tennbrikettlaging for å nemne noko. Av det etande var det popcorn og potetchips laga over bål, lapskaus, grillpølser, brød frå anna land laga av gutane på Litlabø mottak. Tilboda og maten vart godt teke i mot av dei besøkande.

Det var mange aktivitetstilbod på øya denne sundagen, mange valte å tilbringa kjekke timar ved grøntanlegget på Storavatnet. Særleg såg me mange barnefamiliar med yngre born og besteforeldre.

Organisasjonane som deltok var Barnas Turlag, Sæ barnehage, Ungdommens Røde Kors, Røde Kors Førstehjelp, Røde Kors Hjelpekorps, Barnas Røde Kors, Sunnhordland padleklubb, 1. Leirvik speidargruppe, Podlen Verkstad, Bydelsbloggarane, ungdommar frå Litlabø mottak, Sagvåg bygdalag, Stord Petanqueklubb, Stord bueskyttere, LivOGLyst og Litlabø og Sagvåg samfunnshus.

Ein fiffig konstruksjon for vedbrikettlaging. Oppdeling på bakenden, og samansnurring i munnviken på «dyret».

Brødlaging av gutane på Litlabø mottak.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.