Nyhende — 20 juli 2017

«Brakkebyen» ved Akerhus veks for tida.

– «Njord»  treng all den oppdrift plattforma kan få når  ho  skal ut av  dokken.  Eit døger med fullmåne og ekstra høg  flo tidleg i september  er  målet  me  no jobbar mot i dette prosjektet, og i  den samanheng er det  arbeidsstokken blir  utvida  med innleigde operatørar.  Dette medfører også at  innlosjeringskapasiteten  på  Kjøtteinståa  blir utvida,  opplyser  informasjonsleiar ved Kværner på Stord, Odd Naustdal.

Den som har utsyn mot Akerhus og området ikring, vil ha merka seg at  «brakkebyen»  der veks for tida.

– I tillegg til  eigna 1600 tilsette, supplerer me med  rundt 650  innleigde  utover  hausten.  Dette er fagarbeidarar innan stål og  maling, dei fleste  frå Polen og mange av operatørane har vore  på Stord på oppdrag tidlegare. Verftet er inne i ein hektisk,  stadfestar  Naustdal.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.