Nyhende — 27 juli 2017

«Albatross» ruva ved Nattrutekaien.

Av dei rundt 500 cruisepassasjerane som steig i land  medan  cruisaren «Albatros»  låg ved  Nattrutekaien onsdag, tok  godt 100  turen innom Stord Maritime Museum.  Der inviterte venelaget gjester frå cruisaren til omvising.

– Gjestene synte stor interesse for samlinga og gav  uttrykk for at dei lika det dei fekk sjå og høyra.  På vår side, tykkjer venelaget det er hyggjeleg å få prensentera samlinga for tilreisande med  maritimtinteresserte, seier venelagssleiar Gunnar Bjørk.  Fram til  19. august held  museet ope kvar tysdag, onsdag, fredag og laurdag.

–  Det er alltid litt ekstra-ekstra å få ein godt 200 meter lang  cruisar til kai, men det gjekk greitt  alt saman også ved dette besøket  til «Albatros».  Frå  båten kom det berre nøgde tilbakemeldingar , seier  hamnesjef Inge Eidsnes.  Eit ønskje  ved neste  lending av såpass store skip, er å  kunna tilby ein ekstra  fortøyingspullert  akter.  – Ei sak å jobba med, konstaterer  hamnesjefen.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.