Nyhende — 11 august 2017

Mange vil studera ved HVL. (Illustrasjonsfoto)

Måndag 14. august er det duka for studiestart ved Høgskulen på Vestlandet og Campus Stord. På Stord er det venta 350 nye studentar som skal starta på ei grunnutdanning innan lærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Av desse er det òg 20 internasjonale studentar.

Utover hausten kjem det i tillegg 540 nye studentar innan praktisk pedagogisk utdanning, masterutdanningar og etter- og vidareutdanningar. Samla sett vil det koma 890 nye studentar ved Campus Stord i haust.

Med nye og gamle studentar vil Campus Stord ha om lag 1700 studentar denne hausten.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.