Nyhende — 04 august 2017

Kostyme og godt humør er viktige ingrediensar på Bocciafesten. Her Boccialicius frå i fjor, ved Anette Thoresen, Arnhild Myklebust og Ingjerd K. Kolstad.

Laurdag går Bocciafest igjen av stabelen på p-plassen ved Osvald Pub. I år blei påmeldinga full allereie etter få dagar i mars. 56 tre- og firemannslag blir med på lettbeint kulekasting gjennom heile laurdagen. Det vil seia dryge 180 deltakarar, der fleire er tilreisande, unge som eldre.

Like viktig som å vinna kampar er det å kle seg ut og ha det kjekt. På banketten laurdag kveld blir det delt ut premiefat i ei rekkje kategoriar på Osvald Pub, der «beste antrekk», «beste lagnamn» og «verste lagnamn» er nokre av kategoriane.

Der blir det også musikk av Endre Olsen & the Landmarks. Banketten er open også for dei som ikkje har vore med og kasta kuler på dagen.

Bocciafest starta på Leirvik torg sommaren 2008. Etter det har turneringa blitt arrangert kvart år med unntak av 2010 og 2011.

Det er kvartetten Erlend Thoresen, Nils Eivind Horneland, Vidar Hope og Anne Lillebø Gjerstad som arrangerer turneringa.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.