Nyhende — 13 august 2017

Topp innsats i 60 meter for gutar.

Denne helga har det vore  friidrettsfest «tri dagar til endes» på Stord Stadion.  Prismus  friidrettsmotor  Nils Hetleflått  seier seg   på oppløpssida til siste stemnedag godt nøgd på alle måtar.  Ekstra kjekt  for dei utøvande atletar, i alder  frå  7-8 år til seniorar   var det at  regnet  tok seg ein pause  laurdag.  Søndag  såg ut til å bli bra den også .  Ordførar Gaut Epland stod for  offisielle opning av stemnet  med kulekast  på 8.50 meter…

13 klassiske  friidrettsøvingar står på programmet under Stordleikane som bli arrangert  for 32 gong.  Leikane har  opparbeidd seg eit god renome i  friidrettsmiljøet  i Hordaland og Rogaland.  Når det gjeld resultat 

blir desse lagt ut  på  Stord friidrett sine heimesider etter kvart som dei er klare.  Stemnet  blir  avslutta med utdeling av bestmannspremiar  søndag  kl. 15.15

Malin Svendsen, Stord,  hoppa lett over  lista 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.