Nyhende — 09 august 2017

Busetnadssoga vil fortelja utvikling og utbygging for kvar gard og kvar bustad

«Komiteen for miljø og kultur bad i 2007 den lokalhistoriske prosjektgruppa å ”halda fram med arbeidet med eit forprosjekt for ei busetnadssoge (gards- og ættesoge)” med tanke på finansiering av prosjektet på komande budsjett. Busetnadssoga skal fortelja historia om kvar matrikkelgard (gardsnummer) og kvar bustad (bruk, tomt, husmannsplass) med tilhøyrande personopplysningar knytt til husstand eller familie fram til i dag.»

Som dette sitatet om ei av oppgåvene til den lokalhistoriske prosjektgruppa fortel, kan planane om den skrivne busetnadssoga for Stord kommune i år markera ti-års jubileum. I desse åra har det jamt vore fremja ønskje frå gruppa om budsjettløyvingar til å gå i gang med prosjektet som ei tid hadde eit kostnadsoverslag på mellom 9.2 og 9,9 millionar kroner. Desse summane har korkje politikarar eller rådmann funne plass til i budsjetta hittil.

– Blir det med planar og ønskjer også dei komande åra?

– Me hadde møte i gruppa seinast denne veka, og semja er stor om at det skal jobbast vidare med mandatet me har fått tildelt, seier Rune Jørgensen, leiar i den lokalhistoriske prosjektgruppa.

– I gruppa meiner me det er stor interesse for busetnader og namn, som ein del av lokalsoga vår. Til septembermøtet i komite for næring, miljø og kultur vonar me det kan leggjast fram sak om busetnadssoga som eit band nummer fire av bygdebokserien «Frå steinalder til oljealder». Etter å ha halde planar varme i ti år, hadde det vore gildt å koma vidare, meiner Jørgensen.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.