Nyhende — 07 august 2017

John E. Clausen og Stord Turbuss stoppa ved rosemålarverkstaden i Ølen på turen til Åkrafjorden.

I sommar legg 30 større cruiseskip til Garpaskjerskaien i Haugesund. Mellom dei som syt for at deler av gjestene frå det store utland får nærkontakt med høge norske fjell, djupe dalar og tronge fjordar – og fossefall ikkje minst – er John E. Clausen i Stord Turbuss. Det er blitt ein del slike køyreoppdrag i sommar, og fredag no var det ny tur med full buss frå Haugesund til Eljervik Gard nesten inst i Åkrafjorden.

– Denne gongen var det turistar med P&O cruisaren «ARCADIA» som var med på den sju timar lange turen, der arrangøren har med eigen guide. Første stopp er Rådhuset i Haugesund, så ein fotostopp ved Haraldsstøtta, neste opphald ved rosemålarverkstaden i Ølen, deretter Åkrafjordtunet og så eit lengre opphald med todelt opplegg i Eljervik. Der startar eit minicruise på fjorden med fotostopp tett opptil Langfossen som høgdepunkt. I sommar har det ikkje nett vore vassmangel nedetter bergsida. Deretter ventar lunsj med god norsk tradisjonskost på garden, før me køyrer attende til Haugesund, fortel Clausen til stordnytt.no.

– Retur med bussen full av velnøgde gjester?

– Ja dei let seg tydeleg begeistra over både det dei ser og får servert.

Denne fredagen var det to bussar som cruisa frå cruisaren mot Åkrafjorden, men det kan vera så mange som åtte på ein dag. Alle hyrt inn av Tide som har kontrakten med firmaet som legg til rette for landtilboda for båtgjestene til Haugesund. Førebels er det ingen av desse bussane som køyrer lett mot nord, til til dømes Stord og det som er verd å sjå der!

Alt no er det klart at turiststraumen sjøvegen vil auka til Haugalandet. 45 store båtar har meldt frå at dei legg ein stopp til Haugesund i sesongen 2018.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.