Nyhende — 12 august 2017

Blir det  politisk ja til bandtvang – kan det bli grunneigar-ja til større parkeringsplass på Øvra Heio.

«- I 2010 vart det gjort framlegg om å innføre ei forskrift for bandtvang i Stord kommune. Då gjaldt bandtvangen alle beiteområde i kommunen fram til 15. oktober, og elles heile året på utvalde stader og definerte turområde. Då saka vart lagt fram for endeleg vedtak i Kommunestyret, vart framlegg til forskrift ikkje vedteken. «

«Ved interpellasjon vart det frå Senterpartiet v/ Jakob Bjelland teke nytt initiativ i 2016,  der det vart spurt om «Vil ordføraren ta initiativ til å utvida bandtvangen for hund til å gjelda heile året slik at det aldri er tvil om at bandtvangen gjeld, eller har ordføraren andre idear for å gjera noko med problemet lause hundar utgjer for smalaeigarar og andre turgåarar?» Dåverande ordførar svara at han ville ta initiativ til at spørsmålet vart teke opp til vurdering.»

Desse sitata henta frå eit brev  kommunalsjef Lovise Vestbøstad nyleg har sendt over til Stord Grunneigarlag (Fjellsameiga) stadfestar at utvida bandtvang i Stord har vore på den politiske dagsorden fleire gonger  tidlegare. I vår sende  Grunneigarlaget ny bøn til kommunen med  sterk oppmoding om å få drøfta og innført brandtvang slik at beitedyra  kan ha ein trygg sommar i  fjellet.     

–  «Både den tilrettelegginga som har vore gjort på fjellet, samt at turgåing og friluftsliv er svært populært, medfører ein auka bruk av fjellet. For at den store bruken skal gå greit og ikkje vera til ulempe for nokon, ønsker me at det skal vere klare retningslinjer når det gjeld tur med hund på fjellet. Det er sau som beitar i fjellet i perioden frå 1. mai til 1. oktober og det er viktig at i denne perioden vert hundar haldne i band, så ein unngår at hundar jagar eller tek livet av sauer eller lam.»

Kommunen har svart  grunneigarlaget med å invitera til møtet der ein skal drøfta den  faktiske situasjon og sjå korleis utfordringane kan løysast.  Ein del av den faktiske situasjon er at bruken av fjellet  til tur og rekreasjon har auka på i eit omfang som gjer at det oftare og oftare blir for få  parkeringsplassar på Øvra Heio.  Under føresetnad av at  det blir gjort eit vedtak kring bandtvang i beitehalvåret,  har grunneigarlaget sagt at  ein kan vera  viljug til å drøfta avståing av areal  til større parkeringsplass.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.