Nyhende — 07 august 2017

Har vore lite av dette i sommar: Her frå Breivikjo den eine draumesommarsøndagen me hadde i juli.

Under vignetten «Aktuelt» på Friluftsrådet Vest sine nettsider, har ein sommarstid vanlegvis kunna lesa seg til kva temperatur vatnet/sjøen i dei forskjellege friområda i regionen har å by på. Men ikkje i år. I oppsummeringsfeltet er det framleis gode temperaturar frå 17. september 2016 som gjeld. Den dagen i fjor, gjorde sommaren eit solid comeback som fekk fram badelysta.

– I år følte med rett og slett det vart for dumt å måla temperaturen i badevatnet. Det vart gjort nokre forsøk, men me fann det uinteressant å leggja ut målingar som viste mellom 12 og 14 grader. Til og med i Ådlandsvatnet var det så kaldt, der plar det vera ein grad og to betre enn i sjøen, forklarar Oddvin Øvernes, dagleg leiar i Friluftsrådet Vest.

– Har dette skjedd tidlegare?

– Eg vil tru dette er første gongen på 30 år at me ikkje har funne det føremålstenleg å sjekka vasstempen. Og akkurat det skulle vel seia sitt om kva for ein elendig sommar me har hatt.

– Men stell av friområda har gått sin gang?

– Ja, for tilveksten av gras har vore god, me har folk i friområda på Stord og Bømlo ein til to gonger i veka.

– Har du tru på gode badetemperaturar på seinsommaren/tidleghausten i år (som i fjor)?

– Bestemor mi hadde ei regla om at det gode veret ofte kom når skulen starta opp etter ferien. Kanskje det blir slik denne sommaren også, undrar Øvernes.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.