Nyhende — 10 august 2017

Første funn av orkidéen knerot i Stord kommune (Foto: Arne Vatten)

Naturmangfaldet i Stord kommune er stort, og Huglo er særs grøderikt. Naturkjennar Arne Vatten gjorde ei storarta floraoppdaging på øya aust i Langenuen for nokre veker sidan. For første gong er orkidéen knerot funnen i kommunen vår.

– Eg fann omlag 35 planter ved kisgruva på Tveit sør på Huglo. Knerot er ikkje nokon sjeldan orkidé, han er funnen i alle våre nabo-kommunar tidlegare, men det var interessant å sjå at han også er i finne hjå oss, seier Vatten til stordnytt.no.

Funnet vart gjort ved kisgruva på Tveit (Foto: Arne Vatten)

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.