Nyhende — 09 august 2017

Fotograf Adrian Digernes Særsten dokumenterte livet i Kambodsja.

Fredag opnar utstillinga «På tur med Alma i Kambodsja» i Galleri Losjen, heiter det i ei pressemelding frå Fitjar kommune. Utstillinga er i samband med Fitjarfestivalen og vert opna av varaordførar Agnar Årskog. Det vert underhaldning og lett servering.

Adrian Digernes Særsten frå Stord har nyleg hatt avgangsutstilling ved Oslo Fotokunstskule. Han har tidlegare mellom anna hatt utstilling på Oslo S og i Galleri Losjen. Saman med tanta si Haldis Særsten, som driv hjelpeorganisasjonen Alma-M, reiste Adrian til Kambodsja og dokumenterte korleis livet var der. I oktober reiser Adrian tilbake til Søraust-Asia.

Omtrent 1/4 av Kambodsjas befolkning blei drept under Pol Pots regime på slutten av 70-talet. Halvparten av kambodsjanarane er under 25 år. Det er fleire organisasjonar som bidrar med å betra levesituasjonen i Kambodsja, deriblant Alma-M, ein organisasjon som er driven av initiativtakar Haldis Særsten. Alma-M arbeider målretta for å skapa eit fundament for betre oppvekst og utvikling i Kambodsja. Alma-M er registrert som ein frivillig organisasjon, og gjennom fadderordning og donasjonar betalast i dag skulegang for 60 barn. 56 jenter og 4 gutar. I tillegg gir Alma-M hjelp til sjølvhjelp til nokon av foreldra.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.