Nyhende — 14 august 2017

Tidlegare kunne det teljast over 70 båtar morgonstunder i hamna – i år har det vore éi natt med over 60 båtar. Biletet er frå i fjor.

Hamnekontoret har ikkje fått klagar på verken prisar eller servicetilbod – men dei turre tal viser at det har vore ganske mange færre overnattande båtferiegjester i sommar i høve til tidlegare år.

Statistikken frå nestleiar på hamnekontoret, Marianne Kolstø, viser at det fram til 13. august i år er talt 1975 overnattande båtar. I fjor var talet per same dato heile 2489 betalande båtar. For to år sidan 2297 båtar, for tre år sidan 2203 båtar. Rekordåret så langt er 2013 med 2774 betalande. Då var det også Stordfest – som gav nokre hundre gjestebåtdøger ekstra.

– Avgifta har vore den same tre siste åra, med «all inclusive» (straum, vatn, dusj, do, vaskemaskin). Ingen har påpeika at prisen er høg, og servicenivået generelt får Stord hamn skryt for.

Det er vel all grunn til å tru at vêret har hatt si medverkande årsak til nedgang i besøket i sommar, seier Kolstø.

Meir regnfullt enn årets ferieveker har det ikkje vore sidan 1860-åra. Såleis undrar det ikkje om ein del har prioritert ein tur nedom syden og sol, før ein våt båtferie. Ein kjensgjerning er det også at ein del tidlegare båtfrelste har gått i land og byta flytande feriehus med rullande bubil.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.