Det store følgjet som blei med DS «Stord 1» på historisk tokt fredag, kunne ikkje hatt det betre.
Balustradedekket akter, oppe på dampskipet «Stord 1» er ein framifrå stad å vera ein vakker og varm seinsommardag i Sunnhordland. Det kunne dei rundt hundre som blei med på historisk reise fredag skriva under på.
Veteranskipet anno 1913 tok følgjet med seg frå Leirvik, gjennom Fjelbergsund, Ølen, Etne og til slutt i Skånevik. På alle stader helsa den gamle skuta med dampfløyta. Akkurat denne ruta var stoppestad for båtane i Sunnhordland Snøggrute. Iallfall fram til MS «Sunnhordland» avløyste ruta.
Dei reisande fekk fredag vera med på eit historisk tokt i regi av Stiftelsen D/S Stord, som eig og driv båten. Pensjonistar og medlemmer frå historielag i Nordhordland og Sunnhordland var på passasjerlista, i det som var eit nytt prøveprosjekt. Dagleg leiar Harald Klinge hadde konklusjonen klar før skipet var returnert til Leirvik: Det blir nye turar!
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018
Pingback: «Stord I» dampar inn i nytt aktivt år | Stordnytt