Nyhende — 04 august 2017

Kistogtunnelen under Vassneset – er open i begge endar og ligg i røynda som eit minnesmerke etter gruvedrifta på Litlabø.

– I den tida Stordø Kisgruber var i drift var det gjort årleg vedlikehald av anlegga i sjølve gruva, på Kiskaien og på transportvegen imellom, skriv ein godt informert sagvågar i brev til kommunen. Brevsendaren er oppteken av tryggleiken og vedlikehaldet, eller rettare, mangel på den slags siste åra, i tunnelen kistoget følgde under Vassneset på turen frå Vaskeriplanet til utskipingskaien ved Grunnavågen. Tunnelen er open og ligg i nærleiken Sagvåg sentrum. Gruvedrifta vart stoppa i 1968 – togdrifta vart lagt ned nokre år før den tid.

– Medan gruva var i drift vart det år om anna reinska i taket i tunnelane. Tilsette i gruva hadde spesialspett som dei brukte til å ta ned lause steinar frå tunneltaket. I dag skjer det etter det eg kjenner til ikkje slikt vedlikehald, men det er mogleg å gå inn i tunnelen. Det er rimeleg å anta at frost og smelting år om anna har gjort tunneltaket farleg. Eg ser det difor som rett å varsla om at anten bør tunnelen stengjast i kvar ende, eller så må det ryddast og reinskast, skriv sagvågaren.

Hjå Stord kommunale eigedom som har ansvaret for gruveeigedomen, og dermed også for kistog-tunnelen, får stordnytt.no opplyst at dei i etaten er takksam for innspel som dette og at det blir sak å ta opp når staben neste veke igjen byrjar bli fulltallig etter ferieavviklinga.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.