Nyhende — 16 august 2017

Langeland skule får mange klassar og må også ta i bruk spesialrom til undervisning denne hausten.

Kullet førsteklassingar som byrjar i Stord-skulen torsdag 17. august er ikkje historisk stort når det gjeld elevtalet, likevel kan nettopp 2011-modellane gje grunnlaget for at krinsgrensene i kommunen må opp til ny vurdering. Årsaka er ligg i busetnadsmønsteret, som igjen har ført til store utfordringar med å finna høvande og nok undervisningslokale på Langeland.

– Langeland skule har denne hausten så mange elevar og så mange klassar at ein må nytta spesialrom til undervisning. Komité for oppvekst og utdanning har beslutta at ein må vurdera krinsgrensene i kommunen på ny og ein er no i ferd med eit dokument som kjem ut på høyring tidleg i september, opplyser kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt til stordnytt.no.

Oversynet frå «skulekontoret» viser at 257 6-åringar møter til sin første skuledag torsdag. Nokon færre i kullet enn føregåande år. Fordelinga er slik: Rommetveit 42, Hystad 36, Leirvik 48, Langeland 62, Tjødnalio 30, Sagvåg 17 og Litlabø 22.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.