Nyhende — 10 august 2017

Stord kommune ønskjer fleire bussar på vegane søndagane. Her regionleiar for Tide buss, Stig Louis Myklebust, framfor det nye anlegget i Sæ.

– Me ber dykk derfor vurdera om det er mogleg å få auka frekvens og meir tilrettelagte ruter på søndagar.

Denne oppmodinga kjem frå rådmann Magnus Mjør i Stord kommune, i eit brev han har sendt Fylkeskommunen og Skyss. Det er dei instansane som står for produksjon av det kollektive reisemønsteret i fylket, og såleis også på Stord. Kikkar ein i det nyaste heftet, for rutene som blir køyrde i regionen Sveio, Bømlo, Stord og Fitjar frå og med 14. august – er det heller få avgangar med lokalbuss søndagane. Det skjer lite på den kollektive transportfronten før seint søndag ettermiddag.

Dette ønskjer Stord kommunestyre få ei endring på og har bede rådmannen ta kontakt med fylkeskommunen for om mogleg å få til fleire sundagsruter.

– Eit større fokus på kollektivtransport og rutetilbod er naudsynt for å nå lokale og regionale klima- og miljømål, og for å nå målet om å redusere/stogge veksten i privatbilismen. Mykje av kollektivtransporten i regionane er bygd opp kring arbeidsreiser og skuleskyss. Det er forholdsvis få sundagsruter, men dersom kollektivtransport skal vere eit reelt alternativ til bil for folk, må det også vere eit godt og tenleg rutetilbod på sundagar, skriv Mjør. – Me vil samstundes be om å bli tekne med på råd ved framtidige endringar i kollektivrute-tilbodet i kommunen vår. Kommunen ønskjer å vera ein konstruktiv medspelar for å utvikla eit best mogeleg rutetilbod på øya. Me oppmodar fylkeskommunen og Skyss om å leggja opp ruteplanlegginga slik at ein i størst mogeleg grad fangar opp innspel og ønskje frå kommune, innbyggjarar og næringsliv, heiter det til slutt i sendinga frå Stord kommune.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.