Småstoff — 14 august 2017

Ikkje særleg innsikt eller utsikt til/frå ordførar Gaute Epland sitt kontor i Rådhuset.

Frå kontorvinduet i Rådhuset burde ordførar Gaute Epland sjølvsagt kunna sett vide ikring over kommunen han styrer. Faktum er at han berre har ei lita glipe utsyn oppover Sævegen. Den grøne vekst i bedet utfor kontoret hans har i takt med anna bladvekst fått så stort volum at det skuggar for både ut- og innsyn til ordførarkontoret – der det elles er den «opne dørs politikk» som gjeld. Når stordnytt.no påpeikar dei tilgrodde tilhøva, lova Epland tiltak:

– Attgroing er diverre eit kjent fenomen, og eit problem med må finna løysing på i fellesskap. Dette gjeld like mykje rett utfor vindaugo «mine», som det gjeld siktsonar langs vegane våre. Likte forresten påminninga som kom i stordnytt om at flotte steinmurar langs Stord nye ungdomsskule ikkje er synlege grunna attgroing langs stiane rundt Vikastemmo. Me bør ta eit felles tak med saksa snarast. Dette blir ei sak eg vil ta opp med rådmannen når han er tilbake frå ferien, seier ordførar Gaute Epland.

For eiga rekning kan stordnytt.no melda at buskas og overgroing og attgroing er saker lesarane våre er opptekne av. Det viser tips som kjem inn og ikkje minst «klikk» og kommentarar på saker som blir presentert.

Kor stor skal rhododendronen bli?

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.